Kva skaper gode samfunn?

Har du tenkt på kva som gjer at nokre område opplevar at folk flyttar til, trivast og er aktive, mens andre område forblir stader der folk bur i kortare periodar og ikkje inngår i samfunnet rundt? I denne artikkelen ser eg på relevant samfunnsforskning opp mot busettinga i ein liten øykommune på Nord-Vestlandet for å illustrere kva som skal til for å trivast på ein stad.

Large 20170809 104001

Eg vil i denne artikkelen drøfte relevansen av regional identitet som indikator på migrasjonsåtferd i Midsund kommune. Teori vert drøfta mot eigen oppleving som innflyttar, med erfaring frå plan-, utviklings- og integreringsoppgåver i Midsund kommune.

 

Ein regional identitet er knytt til eit geografisk område. Raagma (2002) nyttar omgrepa region og nabolag som ulike geografiske storleikar, og utgangspunkt for regional identitet. Den minste eininga er nabolaget, dvs det næraste geografiske området der folk bur. Eit nabolag har ikkje ei fast organisering, og kor stort eller lite vi avgrensar vårt nabolag er avhengig av i kva for kontekst vi omtaler det. Region er ulikt definert for ulike personar og kontekstar, men følgjer gjerne geografisk, sosiale eller kulturelle karakteristikkar, økonomisk interaksjon, institusjonell eller jurisdiksjonsbasert avgrensing (Amdam, 2017 s. 5).  Ein region vil vere konsekvensane av komplekse prosesser for konstruksjon, dekonstruksjon, og produksjon for skaping av rom (Raagmaa, 2002), der rom kan forståast som sosiale, geografiske, tidsavgrensa, historiske og relasjonelle storleikar for å fremme særlege fellesinteresser på beste måte. Ein region kan slik ha ulike former, og regionane kan vere heilt eller delvis overlappande for same areal. Regionar er ikkje geografisk prebestemte storleikar, og må for å eksistere kunne fysisk definerast.  Oftast vert regionar avgrensa av kven som er innanfor og kven som står utanfor. I regionbygging kan ein leggje vekt på det funksjonelle som effektiv administrasjon, geografi, avstandar, oppgåver mm, den kulturelle side med identitet, språk, historie, den politiske side som sams interesser, maktbygging eller nærings- og klyngeargumentasjon rundt næringsnettverk, næringsstruktur mm (Amdam, 2017, s.12).  Regionar nyttast i ein ovanfrå og ned tradisjon til nasjonalstatsbygging, og i ein nedanfrå og opp tradisjon til sosial mobilisering (Keating, 1997). Regionar kan slik sjåast som sosiale fellesskap eller praktisk administrasjon, men vil ofte veksle mellom begge former i ulike fasar av regionen sin eksistens (Amdam, 2017, s.14). Gjennom tilpassingar til dynamikk i interne og eksterne krefter i tid og rom endrar den fysiske avgrensinga seg, men regionen vil alltid ha sin aktualitet i sin form her og no.

 

Kva som er regional identitet og korleis denne kjem til uttrykk kan vere vanskeleg å definere og måle. Raagmaa (2002) seier den regionale identiteten skapast gjennom sosialiseringsprosessar over tid der ein får ei ny geografisk avgrensing av eit område, som etablerer behov for felles symbol som innbyggjarane kan identifisere seg med og samle seg om, og dannar dei institusjonar i form av sosiale arena som kan drifte, utvikle og reprodusere regionen. Desse prosessane førar over tid til at ein ny kognitiv konstruksjon i form av ein delt regional identitet veks fram og avløysar den eller dei regionale identitetane som eksisterte før endringa. 



Figur 1: Prosessen for regionutvikling: avvikling og fornying av regionar (Raagmaa, 2002). Basert på Paasi m.fl.

 

Prosessen er djup sosial i form av at den strukturerer menneskja si sosiale samhandling i regionen, og er resultat av dei strukturar menneskja over tid har skapt gjennom samhandling. Det er eit fenomen som treng tid til å vekse fram, og byggjast lag på lag gjennom kollektiv deling av historiske og kulturelle opplevingar. Nyorganiseringa inneberer eit brot med tradisjonell organisering, og gjev behov for både å avvikle noko og byggje framtida delvis på det som har vore, og delvis i form av noko heilt nytt. Desse vurderingane skjer gjennom alle aktivitetar og i alle fasar av danningsprosessen. Fasane er ikkje isolerte i tid og rom, og vil vere overlappande og skiftande undervegs i retning og innhald.

 

Raagmaa (2002) viser at lokal historie og kulturell arv, samt solidaritet mellom innbyggarane og deira sterke regionale identitet er viktig faktorar for lokalsamfunnsutvikling. En regional identitet kjenneteiknast av sin institusjonelle tjukkleik basert på felles sosiale arena og lokal kulturformer, så kalla «strukturar for forventingar» (Paasi, 1986). Dei sosiale elementa i prosessen kan forklarast gjennom ulike omgrep. Granovetter (1973) snakkar om utvikling av svake og sterke band til samfunnet ein er del av, der svake band er til arbeidsplassen og organisasjonar mens sterke band er til familie og vener. Putnam (1995, 2000) bruker omgrepet bonding for å forklare sosial kapital som kollektive ressursar skapt over tid og som vert tilgjengeleg for deltakarar i sosiale nettverk i form av t.d vennskap, respekt, tillit, normer, gjensidige forpliktingar, samt kognitive aspekt som felles forståing, mentale bilde mm. Omgrepet er avgrensande i form av dei som er innanfor og utanfor. Putnam nyttar omgrepet bridgeing som einskildmenneskjer sin posisjon til å knytte seg til eksisterande nettverk.  I regionar med sterk bonding vil ein vente å finne mykje nær samhandling  (td. Putnam 1995, 2000), sterke band mellom aktørane, færre men sterkt overlappande sosiale felt som det ikkje er lett å kople seg til. I samfunn med sterk bridgeing finn ein mange og overlappande sosiale nettverk med svakare band, men med sterk forståing av kvarandre sine ståstader og interesser på tvers, og der det er lett å knytte seg til for nye. Fløystad og Jakobsen (2011) omtaler sosiale felt, der sosiale felt representerer nettverk som etablerast for å løyse bestemte oppgåver, og som har en eigendynamikk som produserer, held ved like eller endrar deler ved den sosiale personen og samfunnssystemet generelt. Eit sosialt felt har i tillegg ein materialitet eller skala i form av tal på aktørar og deira utbreiing i tid og rom, og vil slik representere delar av staden sitt sosiale, kulturelle og materielle inventar. Ved å delta i sosiale felt vil ein dele kunnskap, bygge opp tillit og utvikle felles reglar for åtferd i form av «strukturar for forventningar» som bonding- og bridgeingkapasitetar.

 

Raagmaa (2002) viser at ein sterk regional identitet korrelerer med vilje til deltaking i sosiale nettverk og bygging av institusjonar i lokalsamfunnet, samt deltaking i utviklingsplanlegging. Dette gjer at utvikling av regional identitet vert viktig for å sikre deltaking og slik legitimering av alle sine interesser i eit demokratisk samfunn. Han viser og at det er ein korrelert sosial gradient mellom kapasitet for deltaking og økonomisk velferd, og utdanningsnivået avgjer i kva grad du klarer å sette ord på regional identitet. Regional identitet må slik forståast i ein sosial kontekst, då basisbehov må vere dekt før menneska har kapasitet til å delta i aktivitet knytt til høgare behov (Maslow, 1989). Dei som ikkje har oppfylt sine basisbehov vil i liten grad ha kapasitet eller evne å kople seg til og få sine behov for å høyre til, bli verdsett og realisere seg sjølv som del av slike prosessar.

 

Castells (1997) peiker ut 3 former for identitetsbygging. Første kjelde er legitimering av identitetsgenererande sivile samfunn som td organisering av organisasjonar og ulike strukturerte og organiserte aktørar som reproduserer identiteten på staden. Vidare motstandsidentitet som kan forståast som eksistensen av alle typar protestorganiseringar for dei underprivilegerte/ minoritetar i samfunnet, samt siste form som er prosjekter der nye identitetar i samfunnet utviklast og transformerer dei overordna sosiale strukturane og skapar subjekt i prosessen. Oppfinning av nye sosiale strukturar (Healey, 1997) kan her vere eit særs viktig bidrag av slike prosessar og verke samlande i fragmenterte samfunn. 

 

Habermas (1979) skil mellom livsverda og systemverda der livsverda omhandlar menneskja, relasjonane mellom desse og kva dei skapar samen. Systemverda handlar om systema, organiseringa og strukturane vi lagar. Han seier at i framveksten av det moderne invaderer og fortrenger systemverda livsverda. Menneskja vert framandgjorde for kvarandre, og samhandlar med kvarandre meir i form av strukturar og organisering enn gjennom personlege relasjonar. Regional identitet er å sjå som ein signifikant markør for menneskeleg aktivitet forma gjennom kvardagserfaringar og skapte minner av menneskjer. Menneskjer er født inn i grupper, som de ikkje kan velje fritt sjølv, og måten ein kommunisera på er forma og kontrollert av institusjonane skapt i regionen og samfunnet (Habermas, 1979).  Kombinerer ein Raagmaa og Habermas, kan ein seie at ein vert fødd ein stad, men om ein bur der vidare er eit aktivt val basert på forhold i livsverda rundt seg. Analyseposisjonen frå region vert eit systemperspektiv (systemverd), og frå nabolagsposisjonen eit individperspektiv (livsverda). Ein kombinasjon av forståinga til Habermas og Putnam vil slik gje at i systemverda byggjar vi kapasitet for bridgeing, mens deltakarar i kvarandre sin livsverd vert vi først gjennom kapasitet for bonding.

Figur 2: Den hypotetiske effekt av regional identitet på migrasjonsåtferd i ei befolkning (Raagmaa, G., 2002, s.61)

 

 

Regionar med sterk regional identitet

I regionar med sterk regional identitet vil det gjennomsnittleg vere fleire menneskjer som ikkje vil flytte frå området, også i økonomiske harde tider, fordi dei liker å bu der. Her vil det vere stabilitet og berekraft, med ein eigen kultur og arv/ tradisjon som innbyggjarane kjenner og aktivt understøtter.

 

Slike regionar kan utvikle seg i to retningar; som innovative fellesskap (Bund) eller tradisjonsbevarande fellesskap (Gemeinschaft). Bund (Schmalenbach, 1922) er eit fenomen som stammer frå felles opplevde følelsar, og oppleving av ein form for uttrykksfull organisering rundt dette i form av ein livsstil som gjev tilhengarane emosjonell støtte, oppleving av solidaritet og gruppeidentifikasjon. Regionar kan vere kjende for stor innovasjons- og entreprenørskapsevne eller andre ferdigheiter som gjer at dei som kjem frå denne plassen bærer ein identitet knytt til ein særskild ferdigheit eller kompetanse. Om ein klarer å fostre fram ein slik identitet i eit samfunn, kan denne over tid forsterkast og bli ein «sjølvoppfyllande profeti», der kunnskapen om kva vi gjer og korleis er taus, men fungerer som ein samla kraft som understøtter fellesidentiteten over tid i ein form for bridgeing-kapasitet til mange sosiale felt. Om regionar utviklar seg som innovative fellesskap med vekt på læring og entreprenørskap gjennom bridgeing kapasitet, vil dette kunne legge grunnlag for berekraftig vekst som balanserer økonomi, sosial og kulturell utvikling og sikrar eit godt omdømme.

 

Dette er noko anna enn Tönnies (1955) kallar Gemeinschaft.  Gemeinschaft er samfunn der relasjonane mellom menneskjene er viktige. I slike samfunn baserast deltakinga på ein ikkje-bevisst tilknyting i samfunnet  gjennom tradisjonelle sosiale handlingar som er tause og integrerte, og der formålet er å ta vare på og sikre etablerte relasjonar i ein bonding-kultur. Innbyggjarane vert bekrefta i eit samspel mellom den einskilde og samfunnet etter eit etablert mønster. Ein kan kalle dette eit reproduserande identitetsgenererande sivilt samfunn. Om nabolag og regionar vert for konserverande rundt tradisjonelle verdiar (Gesellschaft) vil dette kunne gje ein lukka region som over tid viser sakte stagnasjon i økonomi, kulturelt og sosialt liv, med nøytralt eller negativt omdømme.  Ei sterk kraft for samfunnsutvikling er praktisert rasjonalitet og makt i samfunnet (Flyvbjerg, 1991).

 

Nabolag med svak regional identitet

I nabolag med svak regional identitet, vil det vere ustabile nabolag utan eigen arv/ tradisjonar, der folk kjem for å bu om dei tener økonomisk på dette, og reise igjen når det vert tøffe økonomiske tider. Tönnies (1955) kallar slike samfunn Gesellschaft, der ikkje-personlege, rolege, kalkulerande, urbane og moderne miljø skapar avstand, og motstands- og protestidentitetar gjennom sitt fokus på system og organisering og ikkje einskildmenneska som skal integrerast i nabolaga.  Innbyggjarane bur på staden, men investerer ikkje i eller har nære relasjonar til sine grannar og nabolaget ut over kva dei ser seg tent med. Nabolag utviklar seg i ein form som er del av det moderne. Dei er orienterte om konsum, og kan utvikle seg raskt og med sterkt omdømme i gode tider, og forfalle raskt i dårlege økonomiske tider med dårleg omdømme.

 

Modell 2 viser at både regionar med sterk regional identitet på tradisjonar, om dei utviklar seg til lukka regionar i sakte stagnasjon, og nabolag med svak regional identitet i dårlege økonomiske tider produserer utflytting frå regionen.  I regionar med sterk identitet og innovative miljø vil nye personar kome å busette seg fordi dei liker regionen, mens i nabolag med svak regional identitet vil nye personar kome for å bu, om dei får nye godt betalte jobbar. 

 

Empiri

Midsund har 2100 innbyggjarar, og er nabokommune til Molde. Innbyggjarane bur på øyer, og har fastlandsforbinding med ferjer. Kommunen vart oppretta i 1965 ved deling, men har spor av busetting 8000 år tilbake i tid. Mellom bygdene i kommunen var det ikkje det store fellesskapet tidlegare, då kvart bygdelag hadde eiga ungdomshus, skule, butikk, notlag og ferdselen i stor grad skjedde med rutebåt til 1950/ 60-talet. Samspelet mellom bygdene var meir prega av konkurranse og splid, enn samarbeid. Giftemål skjedde på tvers av bygdene, men og frå andre delar av landet då mange var på fiske eller kvinner kom hit for å arbeide i konfeksjonen (Atle Tangen, 4.10.17).

 

Midsund har alltid hatt stor variasjon i næringsvegar. Frå slutten av 1960-talet har det skjedd ei gradvis aukande integrering av innbyggjarane, på større arbeidsplassar, felles ungdomsskule, idrettslag og kulturskule. Kommunen ønskjer å posisjonere seg som eit kompetanse- og innovasjonssenter for marin utvikling. Stoltheit over kulturliv og høva til å dyrke det enkle friluftsliv i fjell og fjøre er viktige identitetsberarar  lokalt. Dette er kvalitetar som vert nytta i marknadsføring av kommunen ovanfor både turistar, og for å rekruttere nye innbyggjarar og næringsliv.

 

Ungdom reiser ut for å ta høgare utdanning, og kjem i liten grad attende. Innvandring frå heile verda har bidratt til folketalsauke. Nye hus byggjast sentralt, for innfødde som vil bu i leilegheiter eller som gjennomgangsbustader ved rekruttering. Hus i periferien har vore kjøpt av arbeidsinnvandrarar, som reiser når arbeidet forsvinn. Færre lokale leiarar/ spesialistar er busett i kommunen. Hjørnesteinsbedrifta er etter 40 års norsk eigarskap no amerikansk eigd. Lokalt leiarskap har avgrensa fullmakter, og tradisjonar på arbeidsplassen endrast. Ordretilgangen er svak og mange trur dette er varig endring av industrien. Fleire søkjer seg bort. I eit lite samfunn med relativt få arbeidsplassar betyr dette pendling eller flytting. Større utval av arbeidsplassar og gode samferdselsløysingar til Molde gjev attraktivitet i Midsund.

 

Dei felles, demokratisk etablerte og styrte interesseorganisasjonane er i tilbakegang. Dugnads-innsatsen på ålmenningar like så. Etablering og drift av ålmenningar skjer i større grad gjennom økonomiske bidrag der jobben gjerast av profesjonelle. Den norske kyrkje har redusert oppslutning, og fleire innbyggjarar har tilknyting til religiøse samfunn utanfor kommunen. Samfunnet har vorte lagdelt etter mange dimensjonar. Unge får si sosialisering i offentlege institusjonar. I kulturlivet og frivilligheita møtast generasjonane mindre på tvers då aktiviteten er aldersdelt og i liten grad integrerte i tid og rom. I eit samfunn som Midsund følgjer ressursar til utvikling og makt saman over tid gjennom arv, posisjon og eigarskap. Det har vore spenningar mellom kva rettar leigearbeidarar, innflyttarar og innvandrarar skal ha jf løns- og kontraktforhold og invitasjon til etablerte nabonettverk på bygdene. Innvandrarar har i liten grad vore representerte i politisk organisasjonar eller frivilligheit.

 

Kommunen har gjort vedtak om å slå seg samen med kommunane Molde og Nesset frå 2020. Det er gjort fleire forsøk på å etablere ein felles visjon i arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, sist i 2011 med «Midsund 2020- på veg mot toppen». (Midsund kommune, 2011).  Administrasjonen sitt arbeid med medverknad og formål vart i denne prosessen sett som akademiske øvingar utan reell verdi for samfunnet. Om det er noko som er felles må det vere evna til rask omstilling og absorpsjon av det nye over årtider som har skapt vekst, verdiskaping og orientering ut i den store verda i nærings- og familieliv. Det er ei spenning mellom det etablerte, tradisjonelle og det moderne på mange nivå i samfunnet.

 

 

Drøfting

I drøftinga nyttar eg regionomgrepet og nabolagsomgrepet for samanfallande areal. Dette er gjort då Midsund er ein liten geografisk eining, og med ei lita befolkning. Det gjev ikkje meining å skile mellom forhold ved nabolaga og kommunen som så dann, då kommunen i dag er sterkt sentralisert i kulturtilbod, arbeidsplassar og offentlege sørvistilbod. Trekka ved det einskilde nabolag er i stor grad samanfallande med status i heile kommunen. 

 

Den viktigaste komponenten i ein regional identitet er at den er eksplisitt uttrykt, delt og verdsett i form av reproduksjon over tid. Då eg vaks opp var definisjonen på ein ekte narvikværing «minst ein av foreldra og besteforeldra måtte ha budd i by1, og ha arbeidd på Ofotbanen/ LKAB». Dette er uttrykk for tilknyting over tid, og til særskilde fenomen som ein industri, arbeidsplass og måte å gjere ting på som dannar grunnlag for ein stabil tradisjon og kultur (Paasi, 1986). 

Formasjon av regional identitet er ein sosialiseringsprosess over tid, som gjennom fasar for geografisk avgrensing, forming av nye symbol og institusjonar dannar grunnlag for ein ny kognitiv sjølvforståing i ei større gruppe av menneskjer i form av ny regional identitet. Denne prosessen inneberer både avvikling, rekonstruksjon, gjenbruk og konstruksjon i alle fasane. I Midsund har ein ikkje kunne vore «ekte midsunding» lengre tilbake enn 1965. Ein flytta då sentrum av geografiske og samferdselsårsaker, og har i åra etter 1965 sentralisert mange sørvistilbod hit. Desse er forma ved at noko gamalt er lagt ned i periferien, og lagt til noko beståande i sentrum. Ein har ikkje bevist skapt nye felles symbol eller kollektive kognitive bilete for kva folket skal vere i lag eller ha i lag i form av ein ny, felles identitet som del av desse prosessane. Det mentale biletet som er etablert er at «Sentrum sluker periferien».

 

Kva skjer om dette vert rådande forståing i kommunereformprosessen med Molde?  Castells (1997) peiker på legitimering av identitetsgenererande sivile samfunn gjennom organisering av organisasjonar,og ulike strukturerte og organiserte aktørar som reproduserer identiteten på staden. At det finnast både ein kritisk mengde organisasjonar, ulike strukturar der verdiane reproduserast over tid av kompetente aktørar med tilstrekkeleg makt og kapasitet vert viktig. I samfunnsplanlegging kan fleire etterfølgjande reformar vere ein aktiv strategi for å bryte ned det beståande, og skape kraft til bygginga av noko nytt. Endringsprosessane i Midsund verker til å ha vore einsidig motivert i økonomi for å legitimere effektiv administrasjon. Ein sterk regional identitet kan legitimere ein visjon, som mobilisere samfunnet sine ressursar til felles innsats og fremjar eigarskap til utviklinga. Planleggarkompetansen og -kapasiteten i Midsund  har tidlegare vore nedprioritert, og kommunale planar har i liten grad vorte utvikla eller nytta som sterke styringsverktøy. Forplikting til langsiktig strategisk planlegging krev særskild kompetanse, og vurderast som brot med tradisjonen i eit samfunn som har vore prega av kortsiktig tilpassing når nye moglegheiter eller kriser oppstår. Utan felles visjon for kor vi skal, og forpliktande planverk for utvikling av samfunnet, kan endringar skje stegvise, fragmenterte og dei uheldige konsekvensane vere «usynlege» eller opplevast som noko vi berre må tilpasse oss undervegs. Om ein tek utgangspunkt i Habermas sine omgrep livsverd og systemverd, skapast sterk regional identitet i faktiske møter og samarbeid mellom menneskjer med felles interesser og mål. Korleis vi organiserer våre nabolag, og legg til rette for at menneskja kan møtast og ta del i kvarandre sine livsverd, er slik særs viktig for utviklinga av den regionale identitet og kvaliteten på nabolaga.  Om ingen har kunnskap, kapasitet eller makt til å drive samfunnsplanlegging, og all endring skjer som einsidig tilpassing til kriser uavhengig av tid og rom, vil effekten over tid kunne vise seg som menneskjer utan sterk regional identitet eller tilhøyr til nokon særskilt lokal kultur eller tradisjon.

 

Når det vert færre frivillige organisasjonar og færre som nyttar desse, reduserast kapasiteten for reproduksjon av identiteten på staden. Lokalsamfunna og arbeidsplassane verkar til å ha utvikla seg delte i mange ulike sosiale felt i tid og rom. Det kan sjå ut til at det er liten kopling mellom dei sosiale felta for danning av felles strukturar for forventingar av kritisk storleik. Tradisjonelle sosiale felt i bygdene verkar til å ha blitt erstatta som følgje av sentralisering i eit større geografisk omland enn tidlegare. Dei sosiale felta knytt til slekter verkar framleis sterke, men kan vere ekskluderande for innflyttarar samt tapar kraft over tid gjennom utflytting. Behovet for og bruken av ålmenningar har endra seg. Parallelt har den private velferda auka. Kan behovet for ålmenningar vere erstatta gjennom konsum og betre bu- og levestandard, eller er endringane ein observerer lokalt uttrykk for at menneskja inngår i nye sosiale felt som har ei utstrekning ut over eigen kommune? Betre samferdsel kombinert med større mangfald i kultur- og fritidstilbod, reiser og venskap gjev høve til å leve utan å investere i nabolaget rundt deg. Om slik aktivitet overtek for sosial kontakt i nabolaget, mistar nabolaget relevans for deltaking i livsverda til kvarandre. Kan det vere at større sosiale felt har grenser for kor stor dei kan vere for å skape bonding, eller endrast forventingane til kor sterke band vi trenger for å knytte oss til i ei verd der alle blir både konsumentar og produsentar til kvarandre (Yndestad, H., 17.11.17)?  I livsverda er vi solidariske deltakarar i mange store og små sosiale felt, der dugnad fungerer som kapital. Om framveksten av konsument- og produsentroller kan sjåast som eit uttrykk for utviklinga av det moderne samfunn, organisert rundt effektivitet og med lausriving frå den tradisjonelle organiseringa av relasjonar i bygda vil endringane påverke mange ulike strukturar og har ulik effekt på individa på staden ut i frå den einskilde sine personlege ressursar. Alle har ikkje like høve til å knytte seg til mange sosiale felt i eit større omland, og ei slik utvikling kan gje større sosial ulikskap og utanforskap i nabolaga. Bortfall av demokratisk styrte organisasjonar og strukturar lokalt gjev tap av arena for trening i demokratisk praksis. Utan desse vert det vanskeleg å oppdage og gjennomføre kollektive behov som menneskja lokalt identifiserer seg med og føler eigarskap til. Om det kan tolkast slik kan dette gje grunnlag for utvikling av mange separate sosiale felt med svake band mellom aktørane, og forvitring av lokaldemokratiet. Dei sosiale felta inngår som byggjeklossar i den regionale identiteten gjennom danning av strukturar for bridgeing og bonding. Kva vi gjer samen, og korleis vi gjer det legg grunnlag for danning av sosialt, kulturelt og materielt inventar i dei sosiale felta som knytt saman menneskja på ein stad. Utan sosiale arena i nabolaget, organisert rundt fellesinteresser eller opplevingar er det vanskelegare å integrere innbyggjarane på ein stad i kvarandre sine livsverd, og skape både bonding- og bridgeingkapasitet.

 

I arbeidet med Nye Molde kommune har ein starta arbeidet med identitets- og kulturbygging frå 2020. Dette er eit politikarinitiert arbeid for dei valte i fellesnemnda utan involvering av lokalsamfunna. Dette kan sjåast som ein ovanfrå og ned tradisjon med formål kommunebygging og effektiv administrasjon. Det er ønskja utvikling frå noverande politisk styre av det ikkje skal vere lokaldemokratiske organ for dei eksisterande kommunedelane i Nye Molde. Det skjer etter det eg kan sjå ingen aktiv bygging av organisasjonar og aktørar som kan skape institusjonell tjukkleik rundt ein felles identitet i eksisterande samfunn, ut over til legitimering av nye styringsorgan i kommunebygginga. Dette kan handle om ønskja strategi, manglande kunnskap eller manglande kapasitet hos dei som regisserer prosessen. Lokalt er det ei vidareføring av praksis frå sist kommunedanningsprosess, som truleg følgjast av eit mentalt bilete av «Sentrum sluker periferien» utan at vi kan styre dette eller har alternativ «slik samfunnet er blitt».

 

Regional identitet må forståast i ein sosial kontekst. Den einskilde har behov for å høyre til, men må sikre basisbehova først.  Om basisbehov over tid ikkje vert trygga, kan menneskje vere villige til å risikere alt for å bli sikra dette i form av motstands- og protestaktivitet. Det er difor viktig for stabiliteten i eit samfunn at alle sine behov vert sett og teke i vare, gjennom inkluderande deltaking i samfunnet. I Midsund verkar det til at innvandrarane har lausare tilknyting til arbeidslivet. Manglande lokal språk- og kulturell kompetanse gjer at dei i mindre grad vert inkluderte eller klarer å knytte seg til  lokalsamfunna. Når kommunen ønskjer å rekruttere gjennom marknadsføring av lokal marin innovasjonskultur, natur, friluftsliv og kultur er dette å sjå som forsøk på regional identitetsbygging. Om folk sine val følgjer Maslows behovspyramide, er ikkje dette avgjerande for val av bustadstad. Meir avgjerande er det at samfunnet anerkjenner alle individ for den dei er, og der alle kan realisere seg sjølve uavhengig av makt som følgjer av ressursar eller stilling. Din bridgeingkapasitet er avhengig av i kva grad du kvalifiserer deg og over tid klarer å etablere sterke band til eit eller fleire sosiale felt. Dine kvalifikasjonar er avhengig både av faktorar med deg sjølv som du påverkar, og faktorar der samfunnet rundt har makta til å avgjere relevans. I kva grad dei etablerte slepp deg til er avhengig av lokal maktrasjonalitet (Flyvbjerg, 1991). Når stadig fleire tek høgare utdanning, må slik utdanning verte anerkjent som grunnlag for stilling og makt i lokalsamfunnet om ungdomen skal kome tilbake. Samanslåingsprosessen kan teoretisk gje danning av nye motstands-  og protestidentitetar, for omfordeling av makt og posisjonar gjennom danning av verksame alliansar på tvers av den nye kommunen. Det som gjev styrke i dette for minoritetar, vert også lokalsamfunnet sin svakheit. Det kan skje eit skifte av maktbasar, der ein minoritet aukar og majoriteten går tilbake. Samfunnet produserer protestidentitetar og sidesamfunn, i staden for  å utvikle seg som felles beste for alle. Denne kommunedelen skal bestå som samfunn etter samanslåinga, og folk skal leve sine daglegliv her. Om det ikkje utviklast organisasjonar, lokaldemokratiske tradisjonar, felles symbol og kognitiv fellesforståing i form av regional identitet, vil vi som samfunn tape kamper mot dei som klarer å organisere seg betre om sine fellesskap. Ikkje minst kan samfunnet forvitre og opplevast mindre attraktivt for alle. Makta har mange rasjonalitetar i kommunen, og er samfunnet for lukka og tradisjonelt kan dette gje samfunn som stagnerer og ikkje tiltrekker seg nye næringar og innbyggjarar (Florida, 2002).

 

Utviklinga framover kviler på andre føresetnader enn fortida. Vi lever i ein globalisert verd, der kravet til utdanning og kompetanse er stort, og disruptive innovasjonar i aukande grad river grunnen bort frå det vi trur på og kva som er relevant kompetanse i marknaden. Vi er knytt saman elektronisk  og digitalt på verdsveven, og endringar skjer fort. Skal ein ta mål av seg av å skipe eit heilskapleg og reproduserande innovasjonsmiljø, og eit attraktivt samfunn for tilflytting må dei som er aktørar i dette skjønne kva som skal til og korleis dette må gjerast. Kommunen kan ikkje få dette til åleine gjennom ein uttrykt politisk vilje, og næringslivet får dette ikkje til utan eit godt samarbeid med offentlege aktørar, sine tilsette og lokalsamfunnet som så dann. Skal alle desse involverast, må alle forstå måla, vegen og eigen rolle, og ville ta del gjennom aktiv medverknad og eigarskap.  Gamal makt må vike for makta generelt gjennom medverknadsprosessane. Klarer ein å gjere dette vil ein i nokon grad og klare å motarbeide eller hindre motstandsidentitetar og protestbevegelsar i å reise seg. Gjennom delprosjekt basert på sosial mobilisering og medverknad frå alle samfunnslag kan nye identitetar i samfunnet utviklast og transformere dei overordna sosiale strukturane, og skape subjekt i prosessen som kjenner kvarandre, vil kvarandre og samfunnet godt. Oppfinning av nye sosiale strukturar som understøtter ønskja innovasjonskultur (Healey, 1997) kan her vere eit særs viktig bidrag.

 

Lukkast kommunen med å posisjonere seg som innovatør innan marine næringar, kan dette gje attraktivitet på to ulike måtar. Om ein klarer å skape attraktive og lønnsame arbeidsplassar kan dette tiltrekke nye innbyggjarar som finn dette interessant om løna er god nok. Dei vil vere her så lenge attraktiviteten her er større enn konkurrerande stader. Samfunnsutviklinga overlatast då i stor grad til eksterne krefter, som ein lokalt tilpassar seg. Dette vil vere ei samfunnsutvikling som legg til grunn Gesellschaft tradisjonen, der ein planmessig, kalkulerande og ikkje-personleg responderer til samfunnsendringane etter kvart som dei skjer. Samfunnet vil då truleg opplevast som attraktivt i gode tider, men personane investerer ikkje seg sjølv i relasjonelle, personlege nettverk meir enn det som gjer det mogleg å flytte. Omsett til Habermas investerer menneskja i systemverda, men ikkje i livsverda til menneskja rundt seg i større grad enn det som personleg lønner seg.

 

Om kommunen klarer å utvikle ein felles, sterk og reproduserande regional identitet i tråd med bund-tradisjonen, vil ein kunne forsterke busettinga i heile kommunen og tiltrekke nye etableringar fordi folk vil bu akkurat her for å ta del i dette. Det vil krevje å etablere eit heilt nytt regionalt innovasjonssystem, der alle spelar på lag og forsterkar kvarandre gjennom utviding av eksisterande og danning av nye, inkluderande sosiale felt som er overlappande og byggjar på kvarandre. Det eksisterande miljøet knytt til marin næring er ikkje stort, og satsinga er så langt mest kraftfull som papirtiger. Noko av det viktigaste i ein gründer- og kreativitetskultur som eit innovasjonsmiljø, er tillit mellom aktørane. For å kome dit må folk investere i livsverda til kvarandre. Skal ein kjenne kvarandre må ein ha inkluderande sosiale nettverk og arena for å utvikle denne kjennskapen i form av overlappande og samanhengane sosiale felt. Desse sosiale felta finnast i liten grad i dag, dei heng for dårleg saman med andre sosiale felt eller nyttast ikkje i forpliktande lokalt samfunnsutviklingsarbeid. Gevinsten om ein får til dette vert eksterne eigarar og tilflyttarar som integrerte delar av lokalt innovasjonssystem, større lokal påverking på framtida og utviklinga av kompetente berarar av lokal kultur og identitet som forsterkar den samla samfunnsutviklinga.

 

 

Konklusjon

Midsund kan sjå ut til å vere eit samfunn der nabolag har svak regional identitet, der relativt få vil bli om det vert økonomisk tøffe tider. Dette gjeld i særleg grad dei som er kome til og utgjer innvandrarbefolkninga siste 15 år. Desse er i mindretal, men er dei som i størst grad er i reproduktiv alder og slik dei som kunne syte for at nye generasjonar midsundingar vert født og veks opp i kommunen. Om desse skal bli motiverte til å bu, må dei integrerast meir aktivt i alle delar av samfunnslivet, og slik føle ei forplikting til å vere og ta del i utviklinga lokalt. Då må nye arena skapast, der dei kan kjenne seg velkomen og inkluderte. Den viktigaste integreringsarenaen er nabolaget.

 

Det homogene, tradisjonelle og stadbundne Midsund identifiserast på nabolagnivå i dei einskilde bygdene. Dei innfødde er markørar for ein region med sterk regional identitet, som forvaltar det tradisjonelle, og særskilt tradisjonelle maktbasar som arv, formell og uformell makt etter familieposisjon, eigarskap eller leiarskap. Får desse for stor plass kan dette bidra til eit lukka samfunn som stagnerer. På ein anna side har dei over tiår vist at dei har teft for forretningar, og har klart å skape nye arbeidsplassar som over tid har skapt både innovasjonar, dynamikk, verdiskaping og godt omdømme. Dei har vore vidfarne, og har i aukande grad familie med røter over heile verda.

For å sikre attraktivitet i framtida, må innflyttarar få sleppe til med sine ressursar og styrke lokale ressursar. Då må etablerte maktbasar knytt til lokal tradisjon og lokale høvdingar supplerast slik at fleire vert involvert og har eigarskap til strategiane for samfunnsutviklinga. Dette kan gjerast gjennom å arbeide på nye måtar i plan- og utviklingsprosessar, samt bygge kapasitet for medverknad i lokaldemokratiske institusjonar som kommunepolitikk og -administrasjon, frivillige lag og organisasjonar, bygdelag og lokale kulturhus. Den største jobben ligg på oss alle som einskildindivid og deltakarar i kvarandre sine livsverd. Vi må støtte opp om dei sosiale arenaene, utfordre kvarandre på kva som er tilstrekkeleg språk og kulturforståing for å få vere med på like vilkår for alle, og kva som skal vere standardane for verdiar og haldningar i våre lokalsamfunn gjennom open, transparent, respektfull og inkluderande diskurs som alle kan vere del av. Denne aktiviteten må skje både på nabolags- og heilskapleg regionnivå.

 

Ein har i Midsund to dominante trekk som begge kan bidra over tid til utflytting og redusert omdømme om tradisjonsberarane får definere samfunnsutviklinga. Om desse deler på makta, både formelt og uformelt, kan dei ressursane som er samla her vise seg å ha stor vekstkraft og energi for ei berekraftig og stabil utvikling, med sterk regional identitet og godt omdømme.

 

 

 

 

 

 

 

Bibliografi

Amdam, R. (2017). Regionar og regional utvikling. Ein introduksjon. Forelesning IPA 301 samling 1, dag 1, Haust 2017 (s. 90). Volda: Roar Amdam, HVO.

Castells, M. (1997). The power of identity: The Informational Age: Economy, Society and Culture II. Oxford: Wiley-Blackwell.

Florida, R. (2002). The Rise of the Creative Class. New York, USA: Basic books.

Flyvbjerg, B. (1991). Rasjonalitet og makt II, kap 10. København: Akademisk forlag .

Fløystad, A. o. (2013). Innovasjoner og steders sosiale, kulturelle og materielle inventar. I B. I. Abelsen, Innovasjon - Organisasjon, region, politikk (ss. 199-221). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Granovetter, M. (1973). The strength of weak ties. American Journal of Sociology, 78, 1360-1380.

Habermas, J. (1979). Communication and the Evolution of Society. London: Heinemann.

Healey, P. (1997). Collaborative Planning. Shaping Places in Fragmented Societies. London: MacMillan Press Ltd.

Keating, M. (1997, 12. 1.). The Invention of Regions: Political Restructuring and Territorial Government in Western Europe. Environment and Planning C: Politics and Space. Volume: 15 issue: 4 , ss. 383-398.

Maslow, A. (1989). The theory of human motivation. I M. &. J.M.Ivancevitch, management and Organizational Behaviour Classics (ss. 369-391). Illinois:BPI: Irvin.

Midsund kommune. (2011, 9. 1.). Midsund kommune heimeside . Henta frå Kommunestyrevedtak av 1. september 2011, sak 11/62 1 av 25: file:///C:/Users/Ann%20Heidi/AppData/Local/Packages/Microsoft.MicrosoftEdge_8wekyb3d8bbwe/TempState/Downloads/Kommuneplanens+samfunnsdel+2011.pdf

Paasi, A. (1986). The institutionalization of regions; identity, a theoretical framework for the understanding of the emergence of regions and the constructions of regional. Fennia, 105-146.

Putnam, R. (1993). Making Democracy Work: Civic Traditions in Modern Italy. New Jersey, USA: Princeton University press .

Raagmaa, G. (2002, 10 1). Regional identity in regional development and planning. Henta frå Europeas Planning Studies: http://dx.doi.org/10.1080/09654310120099263

Schmalenbach, H. (1922). Die Soziologische Kategorie des Bundes. Die Dioskuren 1, 35-105.

Tangen, A. (2017, Oktober 4.). Lokalhistorisk utvikling av felles identitet i Midsund . Muntlig referanse fra lokalhistorisk interessert innbygger. Midsund, Møre og Romsdal , Noreg: Atle Tangen .

Tönnies, F. (1955). Community and Association. London: Routledge.

Yndestad, H. (2017, November 17.). Forelesning IPA 301 om SMARTE SAMFUNN. SMARTE SAMFUNN . Volda, Møre og Romsdal, Noreg: Prof. emeritius Harald Yndestad .